PUMPTRACK
Klar for ei rå sykkeloppleving? Ein pumptrack er ei sykkelbane der du skapar fart ved hjelp av pumpande rørsler. Kanskje du klarar å kome deg gjennom heile bana utan å trø? Du kan ta med eigen sykkel eller leige av oss. Pumptrack'en i parken vår omkransar klatrestiane, så ikkje bli overraska om du plutseleg høyrer nokon suse over hovudet ditt i ein zip line. I Hydlaparken ligg alle aktivitetane i nærleiken av kvarandre, noko som gjer det fint for heile familien å bruke dagen saman.
Utanfor Hydlaparken sine opningstider er pumptrack'en til fri bruk (sjå skilt med sikkerheitsreglar før du nyttar pumptrack'en).