Aktivitetar for dei minste barna.
Hydlaparken Klatrepark har aktivitetar for heile familien, også for dei minste barna.
Gjer dykk klare for ein aktiv dag for både store og små!
Klatreløyper
Hydlaparken Klatrepark har to klatreløyper for barn som er høgare enn 80 cm.
Begge løypene er av ein slik høgde at ein vaksenperson heile tida kan vere på trygg avstand, både for å kunne trø til om barnet treng hjelp, og også for å kunne vere nær nok til å rettleie og motivere barnet gjennom løypa.
Veten
Barneløype, lett
6 hinder, 44 meter, 1 zip-line
Høgdekrav: 80 cm
Hogden
Barneløype, lett
7 hinder, 71 meter, 1 zip-line
Høgdekrav 80 cm.
Klaterinstuktørar frå parken er heller aldri langt unna om det skulle vere behov for ekstra hjelp.
Minihydla
Minihydla er ein leikeplass for born i alle aldrar.
Her myldrar det av spanande aktivitetar og utfordringar, også for dei aller minste. Leikeplassen har mellom anna reier, klatrenett, klatreveggar og balanseløyper.
Alt ligg til rette for mykje moro og leik!
Minihydla ligg ved elva, så her ynskjer vi at det alltid er vaksne personar i lag med borna.
Leikeplassen er gratis, og kan nyttast av alle både i og utenfor Hydlaparken Klatrepark si åpningstid.
Fasilitetar
I parken finst det benker og bord der ein kan ta pausar og nyte medbrakt niste.
Det finst også moglegheiter for å kjøpe kald drikke, kaffi og iskrem i kiosken tilknytt seleutleiga.
Toalett er tilgjengelege på servicebygget. Der finst det også stellebord i tilknyting til handikaptoalettet.
Hugs også at det er gratis adgang i parken for alle som ikkje skal klatre!