Praktisk info
Praktisk info

Prisar og billettar
Vi anbefaler å kjøpe billettar på nett før ankomst. Dette gjer du her. 
Dagskort (over140cm): 430 kr
Dagskort (110cm-140cm): 370 kr
Dagskort (opptil 110cm): 270 kr

Sesongkort (over 140cm): 1450 kr 
Sesongkort (110-140cm): 1250 kr
Sesongkort (opptil 110cm): 1000 kr
Sesongkort (familie): 5000 kr

Det er gratis å opphalde seg i Hydlaparken dersom ein ikkje nyttar klatreløypene.

Eigenerklæring
Alle som skal klatre i parken må fylle ut og levere eigenerklæring. Vil du spare tid gjer du dette enkelt på nett før du kjem til parken. Eigenerklæringa gjeld for heile sesongen dersom du leverer over nett.

Gå til eigenerklæring.

Høgdekrav 
Oransje: over 80cm
Grøn: over 110cm
Blå: over 140cm
Raud: over 140cm

Vektgrense
Max 120kg
Minimum 20kg for aktivitetar i klatrevegg og Hydlaspranget.

Mat og drikke
Hydlastova ligg like ved Hydlaparken og her får du servert varm mat, drikke og andre kioskvarer. Det er tillatt å medbringe eigen mat og drikke som ein kan ete i gapahuken eller ute på bord og benkar. 

Parkering
Vi har ein stor parkeringsplass like ved seleutleigen i Hydlastova. Pris 40kr, betalast med VIPPS eller inne i kassa.

Sikkerhet og opplæring
Alle som skal nytte seg av klatreparken må gjennomføre obligatorisk sikkerhetskurs med instruktør. Følg instruktøren sine beskjedar nøye. 

Vær og bekledning
Kle deg i lett turtøy eller treningstøy. Ta gjerne med ein sekk med ekstra tøy. Vi anbefaler joggesko eller tursko med god såle. Klede med snorer (hettegenser ol anbefales ikkje).

Vi er open heile sesongen uansett vær. Ved torevêr og/eller kraftig vind kan delar av parken måtte stengast til veret lettar. Uføresett driftsstans medfører ikkje rett til refusjon av billettpengar.  

Vi anbefaler at alle klatrande gjester brukar hanskar. Du kan ta med eigne hanskar eller kjøpe hos oss ved ankomst (pris kr 45).