top of page

Klatring

Smilende jente på veg i zip-line i Hydlaparken Klatrepark Stryn

Er du klar for ei klatreutfordring?

Hydlaparken har 7 ulike klatreløyper med tilsaman 58 hinder, deriblant 11 zip-lines. Løypene er gradert med fargekodane oransje, lysegrøn, mørkegrøn, blå og raud, der oransje er dei enklaste løypene og raud er mest krevjande. Her er utfordringar og moro for både store og små.

Klatretårnet vårt rager 15 meter over bakken, og er avgangsstad for fleire av klatreløypene. Hydlatårnet har to klatreveggar med automatsikring som du kan boltre deg i.

Er du av den tøffaste sorten? I Hydlatårnet finn du Hydlaspranget, ein plattform 12 meter over bakken. Her kan du hive deg utfor og kjenne på følelsen av fritt fall! Vi garanterer sug i magen og meistringsfølelse. Du må gjennom ei ekstra opplæringsløype for å ta Hydlaspranget, klatre i klatreveggane og ta raud løype.

Informasjon om løypene

Husk at born under 6 år må ha følgje av ein ansvarlig vaksen i dei grøne løypene, og born under 12 år må ha følgje av ein ansvarlig vaksen i blå og raud løype.

Veten

Barneløype, lett.

6 hinder, 44 meter,1 zip-line.

Høgdekrav 80 cm.
 

Hogden

Barneløype, lett.

7 hinder, 71 meter, 1 zip-line.

Høgdekrav 80 cm.

Gryta

Familieløype, lett/middels.

9 hinder, 98 meter, 1 zip-line.

Høgdekrav 110 cm.

Gullkoppen

Familieløype, lett/middels.

9 hinder, 155 meter, 2 zip-lines.

Høgdekrav 110 cm.

Natakupa 

Familieløype, lett/middels.

10 hinder, 152 meter, 2 zip-lines.

Høgdekrav 110 cm

 

Blånibba

Sportsløype, litt vanskelig.

9 hinder, 213 meter, 3 zip-lines.

Høgdekrav 140 cm.

Kyrkjenibba

Sportsløype, krevjande.

9 hinder, 69 meter, 1 zip-line, 1 quickflight

Høgdekrav 140 cm

Kart over parken

Kart over Hydlaparken Klatrepark Stryn
bottom of page