top of page

Aktiviteter for dei vågale

Søkjer du action og adrenalin, har Hydlaparken Klatrepark aktivitetar for deg!

Klatreløypar

Hydlaparken Klatrepark har to klatreløypar som er ekstra krevande. Ein løype er gradert som blå, og ein løype er gradert som rød.

 

Blånibba

Sportsløype, litt vanskelig.

9 hinder, 213 meter, 3 zip-lines.

Høgdekrav 140 cm.

I Blånibba klatrar du høgt blant tretoppane. I denne løypa finn du òg parkens lengste og brattaste zip-line. 

 

Kyrkjenibba

Sportsløype, krevjande.

9 hinder, 69 meter, 1 zip-line, 1 quickflight

Høgdekrav 140 cm

Kyrkjenibba begynnar med ein klatrevegg som tek deg opp til det første hinderet. Deretter må du gjennom ei krevjande hinderløype, med både bevegelege plattformer og blafrande klatrenett. Frå det siste hinderet må du hoppe ut frå ei plattform høgt over bakken, før du endar trygt på bakken igjen. Vi garanterer høg puls og overflod av adrenalin!

Ungdomm på veg gjennom rød krevende klatreløype i Hydlaparken Klatrepark Stryn

Hydlaspranget

I Hydlatårnet finn du Hydlaspranget, ein plattform 12 meter over bakken. Her kan du hive deg utfor og kjenne på følelsen av fritt fall! Vi garanterer sug i magen og meistringsfølelse.

Våghals som kaster seg ut fra Hydlatårnet i Hydlaparken Klatrepark Stryn
bottom of page