Klatring
Klatring
Klar for ei klatreutfordring?

Hydlaparken har 7 ulike klatreløyper med til saman 58 hinder, deriblant 11 zip-lines. Løypene er gradert med fargekodane oransje, lysegrøn, mørkegrøn, blå og raud, der oransje er dei enklaste løypene og raud er krevjande. Her er det utfordringar og moro for både store og små!

Klatretårnet vårt rager 15 meter over bakken, og er avgangsstad for fleire av klatreløypene. Hydlatårnet har to klatreveggar med automatsikring som du kan boltre deg i. 

Er du av den tøffaste sorten? I Hydlatårnet finn du ein plattform 12 meter over bakken. Her kan du hive deg utfor å kjenne på følelsen av fritt fall! Vi garanterer sug i magen og ein enorm mestringsfølelse. Hydlaspranget er opent frå kl.14.00-16.30 kvar dag. Hugs at du må gjennom ei ekstra opplæringsløype før du kan hoppe i Hydlaspranget.