top of page

Bookingvilkår

Generelle vilkår

  • Hydlaparken tek forbehold om endring eller kansellering av arrangement grunna vêr eller forhold som tilseier at det vil vere uforsvarleg å opne klatreparken.

  • Gjesten er sjølv ansvarleg for å innhente informasjon om våre sikkerheitsreglar.

  • Klatreparken held ope uansett vêr i sesongen. Ved torden og/eller kraftig vind kan heile eller delar av klatreparken måtte stenge til vêret lettar.
     

Betalingsvilkår

  • Vi aksepterar kontantar, Vipps og følgjande betalingskort; Visa, Mastercard og Bankaxept.
     

Spesielt for nettbasert handel

  • Vi aksepterar følgjande kredittkort; Visa og Mastercard.

  • Bestillinga er bindande ved bekrefta godkjent transaksjon. Ta vare på utskrifta av bekreftelsen.

  • Kvittering av bestillinga må takast med og framvisast under innsjekk i seleutleiga.

  • Ved sjukdom/skade på påmeldt gjest før innsjekk, betalar vi tilbake 90% av bestillinga sin verdi til den aktuelle gjesten ved framvisning av legeerklæring.
     

Avbestillingsvilkår

  • Billettar kjøpt på internett er ikkje refunderbare, og gjeld for den aktuelle dato dei er bestilt.
     

Sikkerheit

  • Hydlaparken står ansvarleg for transaksjonar gjort gjennom nettsida. Transaksjonane vert behandla med SSL kryptering.
     

Personopplysningar

  • Kundedata vert ikkje delt med/seld til tredjepart og vert oppbevart i henhold til norsk lov.

Merk deg at sesongkort/gåvekort tel på lik linje med vanlege billettar og drop in. Det vil seie at ein ikkje er garantert plass om det er fullt i klatreparken.
 

Vilkår for gruppebestillingar

Betalingsvilkår

  • Vi akspeterar kontantar, Vipps og følgjande betalingskort; Visa, Mastercard og Bankaxept.

  • Faktura kun etter avtale.
     

Avbestillingsvilkår for telefon-/ epost- eller direkte kontakt
 

  • Total avbestilling kan gjerast kostnadsfritt inntil 4 veker før arrangement.

  • Total avbestilling 2-4 veker før arrangement; Vi fakturerar 1 500 kr i administrasjonsgebyr.

  • Total avbestilling 1-2 veker før arrangement; Vi fakturerar 50% av bestillinga sin totale verdi.

  • Total avbestilling 1 veke før arrangement; Vi fakturerar 100% av bestillings sin totale verdi.

  • Mindre justeringar i antal besøkande kan kostnadsfritt oppdaterast fortløpande inntil 24 timar før arrangement.

  • Bestilte unytta plassat blir kravd betaling for.

  • For grupper over 60 personar gjelde eigne vilkår.

Spesielt for nettbasert handel

  • Vi aksepterar følgjande kredittkort; Visa og Mastercard.

  • Bestillinga er bindande ved bekrefta godkjent transaksjon. Ta vare på utskrifta av bekreftelsen.

  • Ved kundens avbestilling innan 2 veker før arrangementsdato, tilbakebetalar vi 80% av bestillinga sin totale verdi.

  • Ved kundens avbestilling 1-2 veker før arrangementsdato, tilbakebetalar vi 50% av bestillinga sin totale verdi.

  • Vi tilbyr ikkje refusjon av betaling seinare enn 1 veke før arrangementsdato.

  • Ved sjukdom/skade på påmeldt person, tilbakebetalar vi 90% av bestillinga sin totale verdi uansett arrangementsdato ved framvisning av legeerklæring.

  • Ved arrangøren sin kansellering tilbys alternativt arrangement dersom mogelg. Om kunden vel å trekke seg frå arrangementet, tilbakebetalar arrangøren 100% av bestillinga sin verdi.

  • Ved avbestilling bes bestillingsbekreftelsen sender pr epost til Hydlaparken med evt vedlegg. Oppgje bankkontonummer for innbetaling av refusjon.

bottom of page