
I HYDLAPARKEN kan du leike deg i klatreløyper mellom tretoppane, hyle deg gjennom zip lines, utfordre deg i pump tracken eller slappe av med ein kopp kaffi. Dei minste kan boltre seg i miniHYDLA, dei tøffaste kan hoppe frå Hydlaspranget, medan du som berre vil utforske den fantastisk flotte moreneryggen som klatreparken er bygd på kan rusle på stiane og kikke opp i trekrunene. Her er alle velkomne og vi legg vår stoltheit i å kunne tilby aktivitetar for folk i alle aldrar.
I HYDLASTOVA kan du nyte god mat og drikke, både i og utanfor klatreparken sine opningstider. Her har vi også selskapslokaler og konferanseavdeling. Sjå meir informasjon om Hydlastova her.
Opningstider - sesongen 2021
Opningstider for 2021-sesongen er ikkje klare endå, men vi håpar å opne så snart snøen slepp taket i skiløypene som svingar seg forbi Hydlaparken.
I 2020 hadde vi følgande opningstider:
O
Vår (6. juni - 14. juni)
LAURDAG OG SØNDAG kl. 11.00 - 17.00
Sommar (20. juni - 16. august)
ALLE DAGAR kl. 11.00 - 17.00
Haust (22. august - 27. september)
LAURDAG OG SØNDAG kl. 11.00 - 17.00
Haustferie (3. oktober - 11. oktober)
ALLE DAGAR kl. 11.00 - 17.00
Seinaste tidspunkt for oppmøte og
opplæring er 1,5 time før stenging.
Prisar - sesongen 2021
Dagskort (over 140 cm) 410 NOK
Dagskort (110-140 cm) 350 NOK
Dagskort (opptil 110 cm) 250 NOK
Berre klatrevegg og Hydlaspranget - 150 NOK
Sesongkort (over 140 cm) 1 650 NOK
Sesongkort (110-140 cm) 1 450 NOK
Sesongkort (opptil 110 cm) 1 200 NOK
Sesongkort familie (foresatte og deira born, ubegrensa antall personar i same familie) 5 500 NOK
Prisen inkluderer adgang til klatreløyper og klatrevegg
(i henhold til høgdekrav), eit hopp i Hydlaspranget, samt bruk av miniHYDLA og pumptrack (sjå leigepris sykkel lenger nede).
Adgang til parken utan klatring er gratis.
Leige av sykkel til pumptrack 125 NOK per time
Eigenerklæring
Husk at du må fylle ut eigenerklæringsskjema før du klatrar.
Gjer det no så sparer du tid.
Korleis kome seg til Hydlaparken?
Mellom Esso og Coop i Stryn sentrum er det skilta til Hydlaparken. Følg Setrevegen i cirka 8 minutt til du kjem til Stryn Vinterski. Hydlaparken ligg til venstre for skisenteret, følg skilting.
Vegbeskriving i Google Maps
Hydlavegen 25
6783, Stryn
Norway
