Ofte stilte spørsmål

Kva er opningstidene?


Opningstidene varierar med sesongen. Gjeldande opningstider finn du på framsida (bla deg litt nedover).




Kva reglar gjeld for oppfølging av barn i parken?


Barn under 6 år må ha følgje av ansvarleg vaksen i grøne løyper, og barn under 12 år må ha følgje av ansvarleg vaksen i blå og raude løyper. Ein vaksen kan rettleie inntil 4 barn om gangen.




Kva er eigenerklæringsskjema og kvifor skal vi signere dette?


Vi kan ikkje gje gjestar utan eigenerklæring tilgang til parken. Vi set sikkerheit i høgsetet og eigenerklæringsskjemaet forpliktar gjestane til å følgje Hydlaparken sine sikkerheitsreglar. Ein ansvarleg vaksen må signere for dei under 18 år. Skjemaet finn du under menyvalget "Praktisk info" og "Eigenerklæring", eller når du kjem til parken.




Kan ein kome til parken utan å førehandsbestille?


Ja, det kan du, men då er du ikkje garantert plass. Vi anbefalar å booke tid øvst i menyen under "Bestill no".




Kan ein oppleve at det er fullt i parken?


Vi har ei maksgrense på klatrande personar i parken. Dette for å sikre ei god oppleving for alle. Dersom det er fullt kan du nytte deg av andre aktivitetstilbod i parken medan du ventar på ledig tid.




Korleis føregår opplæringa?


Alle som besøker Hydlaparken må gjennomføre eit sikkerheitskurs med ein av våre godkjende instruktørar. Kurset må gjennomførast minst ein gong per sesong.




Kvar er parkeringa?


Du finn parkering rett ved klatreparken. Følg skilting. Ved dagar med mykje folk kan ein også parkere på skisenteret som ligg 200 m unna Hydlaparken.




Korleis kan ein betale?


Vi aksepterar dei fleste bankkort, samt kontantar. Større grupper kan få tilsendt faktura ved avtale.




Viss eg ikkje skal klatre, må eg betale?


Nei, det er berre dei som klatrar som betalar. Det er flotte stiar å gå på og benkar å sitte på som er tilgjengeleg for alle.




Kan eg ta med medbrakt mat?


Ja, det kan du. På grunn av brannfare er det ikkje lov med medbrakt eingangsgrill.




Er det tillete med hund?


Ja, du kan ta med hunden din, men hugs å ha med pose og bruk band.




Kva med dårleg vær?


Vi held ope uansett vær i sesongen. Ved torden eller kraftig vind kan delar av parken haldast stengd grunna sikkerheit. Uførutsett driftstans medførar ikkje refusjon av billettpengar.




Korleis kan eg kome i kontakt med Hydlaparken?


All informasjon om parken, kvar du finn oss osv finn du her på nettsida. Skulle du likevel ha spørsmål kan du kontakte oss på post@hydlaparken.no eller tlf 91 91 50 55.





Hydlaparken

Hydlavegen 25
post@hydlaparken.no

Tlf. Hydlaparken:  91 91 50 55

Tlf. Hydlastova:    91 11 64 93

Meld deg på vårt nyheitsbrev

nordfjord_logo_hvit_RGB_uten_Bakgrunn.pn
  • Facebook
  • Instagram