Ekornet Hydle
Ekornet Hydle
Hydle er eit ekorn som kjenner på høgdeskrekken. Dette er sjølvsagt ei lita utfordring for eit ekorn, men likevel er han positiv og glad. Med sjarm og godt humør gjer han det han kan for å motivere både seg sjølv og andre som har den same utfordringa.

Hydle kan du møte kvar dag i fellesferien. Han stiller opp med sitt gode humør og inviterer til eit lite skodespel for heile familien.
Kl. 13.20 vil ein som jobbar i parken møte deg ved Hydlatårnet og vise veg til skodespelet som startar 13.30. Du kan også følgje skilting i parken for å finne fram. Kl.14.00 skal Ekornet Hydle ta Hydlaspranget. Eit hopp frå 12m. Hydlaspranget er åpent 14.00-16.30 kvar dag.

Hydle er oppteken av at alle skal ha tilgang på kjekke aktivitetar. Han har derfor ordna nokre alternativ til dei dagane han ikkje kan vere i parken sjølv:
- Prøv Hydlabingo (i seleutleige kan du få utdelt eit bingobrett som skal brukast ute i parken. Premie til dei som deltek). Gratis å delta!
- Samle gullnøtter! Dei som er så heldig å finne ei gullnøtt ute i parken kan bytte denne mot ein valgfri is i kiosken.

I seleutleige og i Hydlastova kan du få kjøpt t-skjorte, matboks og drikkeflaske. 

Her kan du høre Ekornet Hydle musikken:
https://ditto.fm/hei-eg-er-hydle
https://ditto.fm/hydlatarnet