Hydlaparken

Hydlavegen 25
post@hydlaparken.no

Tel. 91 91 50 55

Meld deg på vårt nyheitsbrev

nordfjord_logo_hvit_RGB_uten_Bakgrunn.pn
  • Facebook
  • Instagram

EIGENERKLÆRING

Alle som skal klatre må lese nøye gjennom våre sikkerheitsreglar på førehand. Eigenerklæring skal signerast per gruppe/familie. Dette er obligatorisk under bookingprosessen på nett. Grupper kan laste ned skjema som dei fyller ut og tar med ved oppmøte. Vi har og eigenerklæringsskjema på papir som de kan fylle ut ved oppmøte.

Sikkerheita i Hydlaparken er første prioritet, og klatreapparata blir kontrollert årleg av Statens Jernbanetilsyn. All aktivitet i parken vert og kvalitetssikra gjennom våre rutiner og internkontroll.

Alle som skal klatre må gjennom ei obligatorisk opplæring, der våre kvalifiserte instruktørar gjennomgår alt du må vite før du kan klatre trygt i parken. Opplæringa må gjennomførast minst ein gong per sesong. Du får utdelt klatresele og hjelm.

 

SIKKERHEITSREGLAR


- Det er forbode å nytte aktivitetar utan å ha gjennomgått sikkerheitsopplæring.

- Ver sikker på at du har forstått det som vert gått gjennom på sikkerheitsopplæringa.

- Spør om noko er uklart.

DU HAR ANSVAR FOR DIN EIGEN OG DINE BARN SIN AKTIVITET OG SIKKERHEIT I KLATREPARKEN

- Personar under 18 år skal ha godkjenning av føresatt/ansvarleg for å delta på aktivitetar.

-Barn under 6 år må ha følge av ein ansvarleg vaksen i grøne løyper, og barn under 12 må ha følge av ein ansvarleg vaksen i blå og raude løyper.

- Ein vaksen kan rettleie inntil 4 barn om gongen.

SIKRINGSUTSTYR
 

- Klatreselen har tre spenner – ein på hoftebeltet og ein i kvar lårløkke.

- Selen skal til ei kvar tid sitte stramt.

- Dersom du tek av deg eller er usikker på om selen sit riktig, ta straks kontakt med ein instruktør for kontroll av selen.

- I klatrevegg skal du sjekkast og sikrast av instruktør før du klatrar.
 

AKTIVITETAR
 

- Les oppslaget ved kvar aktivitet / hinder og sjekk at du er riktig sikra før du beveger deg ut i aktiviteten / hinderet.

- Løypene har alders- og høgdekrav – les på oppslaget før du klatrar.
 

Oransje løype:                   over 80 cm

Grøn løype:                       over 110 cm

Blå løype:                          over 140 cm

Raud løype:                       over 140 cm
 

- Beveg deg roleg og kontrollert gjennom aktivitetar og hinder.

- Det er kun lov med 1 person per Zip-line og tilbaketrekkshinder.

- Ikkje ta på Zip-linen når du er i bevegelse.

- Det er lov med 2 personar per hinder.

- Det er lov med inntil 3 personar på plattform mellom kvart hinder. 

- Ved eventuelle feil eller manglar ved anlegget skal personalet straks kontaktast.

- Maksimal vekt for klatrarar: 120 kg.

- Minimum vekt for aktivitetar i klatrevegg og Hydlaspranget: 20 kg

- Personar med rygg- eller nakkeplagar bør ikkje klatre.

 

ADGANG TIL AKTIVITETENE ER IKKJE TILLATE FOR PERSONAR SOM
 

- Påverka av alkohol eller andre rusmiddel.

- Gravide.

- Utanfor høgde/vektkrav.

ADGANG TIL AKTIVITETENE ER IKKJE ANBEFALT FOR PERSONAR MED

 

- Hjerte-/ lunge problem.

- Rygg-/ nakke problem.

- Andre fysiske utfordringar

Sikkerheitsreglar

EIGENERKLÆRINGSSKJEMA

- ved gjennomført booking på nett aksepterer ein innhaldet i dei to avkryssingsboksane    nedanfor

- utfylling av skjema nedanfor vert brukt av besøkande som kjøper sin billett ved       oppmøte i Hydlaparken (vi anbefaler å fylle ut skjemaet her i forkant av besøket)

Namn på innsender/gruppeansvarleg

Fødselsdato innsender/gruppeansvarleg

Fyll ut om du sende inn for ei gruppe

E-post innsender/gruppeansvarleg

Fyll inn namnet på alle som skal klatre her.

Ved dette bekreftar du at desse har blitt gjort merksam på våre sikkerheitsreglar.