Hydlaparken

Hydlavegen 25
post@hydlaparken.no

Tel. 91 91 50 55

Meld deg på vårt nyheitsbrev

nordfjord_logo_hvit_RGB_uten_Bakgrunn.pn
  • Facebook
  • Instagram

Trykk HER for å kome til Hydlaparken sine SIKKERHEITSREGLAR

BOOKINGVILKÅR

Generelle vilkår

- Hydlaparken tek forbehold om endring eller kansellering av arrangement grunna vêr eller forhold som tilseier at det vil vere uforsvarleg å opne parken.

- Kunden er sjølv pliktig til å innhente informasjon om våre sikkerheitsreglar.

- Parken held ope uansett vêr i sesongen. Ved torden og/eller kraftig vind kan delar av parken måtte stengast til vêret løyar.

 

Betalingsvilkår


- Vi aksepterer kontantar og følgjande kredittkort: Visa, Mastercard, Bankaxept.

 

Spesielt for nettbasert handel

 

- Vi aksepterer følgjande kredittkort: Visa, Mastercard.

- Bestillinga er bindande ved bekrefta godkjent transaksjon. Ta vare på utskrifta av bekreftelsen

- Kvittering for bestilling må takast med og framvisast ved ankomst i parken

- Ved sjukdom/skade som kan bekreftast av lege for påmeldte person, betalar vi tilbake 90 % av bestillinga sin verdi.

 

Avbestillingsvilkår

- Billettar kjøpt på internett refunderast ikkje og gjeld for den datoen dei er bestilt.

- Det er ikkje mogleg å byte dato.

Sikkerheit
 

- Hydlaparken står ansvarleg for transaksjonar gjennom nettsida, som vert behandla med SSL kryptering.

 

Personopplysningar


- Kundedata blir ikkje delt med/seld til tredjepart og vert oppbevart i henhold til norsk lov.


Merk deg at sesongkort/gåvekort tel på lik linje med vanlege billetter og drop-in. Det vil seie at ein ikkje er garantert plass dersom det er fullt.

 

 

Vilkår for gruppebestillingar 

 

Betalingsvilkår


- Vi aksepterer kontantar og følgjande kredittkort: Visa, Mastercard.

- Faktura kun ved avtale, og då betaling per 10 dagar

Avbestillingsvilkår for telefon / e-post / direkte kontakt
 

- Total avbestilling kostnadsfritt seinast 4 veker før arrangement

- Total avbestilling 2-4 veker før: Vi fakturerer 1500 kr i administrasjonsgebyr

- Total avbestilling 1-2 veker før: Vi fakturerer 50 % av bestillinga sin totale verdi

- Total avbestilling 1 veke før: Vi fakturerer 100 % av bestillinga sin totale verdi

- Mindre justeringar i tal besøkande kostnadsfritt inntil 24 timar før arrangementet, men ver snille å oppdatere oss fortløpande

- Bestilte, unytta plassar blir kravd betaling for.

- For grupper over 60 personar gjelder eigne vilkår.

 

Spesielt for nettbasert handel

- Vi aksepterer følgjande kredittkort: Visa, Mastercard.

- Bestillinga er bindande ved bekrefta godkjent transaksjon. Ta vare på utskrifta av bekreftelsen. 

- Ved kundens avbestilling innan 2 veker før arrangementsdato, tilbakebetalar vi 80 % av bestillinga sin totale verdi.

- Ved kundens avbestilling 1-2 veker før arrangementsdato, tilbakebetalar vi 50 % av bestillinga sin totale verdi.

- Vi tilbyr ikkje refusjon av betaling seinare enn 1 veke før arrangementstidspunktet.

- Ved sjukdom/skade som kan bekreftast av lege for påmeldte person, tilbakebetalar vi 90 % av bestillinga sin verdi uansett tidspunkt før arrangementet.

- Ved arrangøren sin kansellering tilbys alternativt arrangement dersom mogleg. Kunden kan velje å trekke seg frå bestillinga og arrangøren tilbakebetalar 100 % av bestillinga sin verdi.

- Ved avbestilling bes bestillingsbekreftelsen sendast pr e-post til Hydlaparken med eventuelle vedlegg. Oppgje bankkontonummer for innbetaling av refusjon.