BOOKINGVILKÅR
BOOKINGVILKÅR

Generelle vilkår


- Hydlaparken tek forbehold om endring eller kansellering av arrangement grunna vêr eller forhold som tilseier at det vil vere uforsvarleg å opne parken.
- Kunden er sjølv pliktig til å innhente informasjon om våre sikkerheitsreglar.
- Parken held ope uansett vêr i sesongen. Ved torden og/eller kraftig vind kan delar av parken måtte stengast til vêret løyar.

Betalingsvilkår

- Vi aksepterer kontantar og følgjande kredittkort: Visa, Mastercard, Bankaxept.

Spesielt for nettbasert handel

- Vi aksepterer følgjande kredittkort: Visa, Mastercard.
- Bestillinga er bindande ved bekrefta godkjent transaksjon. Ta vare på utskrifta av bekreftelsen
- Kvittering for bestilling må takast med og framvisast ved ankomst i parken
- Ved sjukdom/skade som kan bekreftast av lege for påmeldte person, betalar vi tilbake 90 % av bestillinga sin verdi.

Avbestillingsvilkår
- Billettar kjøpt på internett refunderast ikkje og gjeld for den datoen dei er bestilt.
- Det er ikkje mogleg å byte dato.

Sikkerheit
 
- Hydlaparken står ansvarleg for transaksjonar gjennom nettsida, som vert behandla med SSL kryptering.

Personopplysningar

- Kundedata blir ikkje delt med/seld til tredjepart og vert oppbevart i henhold til norsk lov.

Merk deg at sesongkort/gåvekort tel på lik linje med vanlege billetter og drop-in. Det vil seie at ein ikkje er garantert plass dersom det er fullt.


Vilkår for gruppebestillingar 


Betalingsvilkår

- Vi aksepterer kontantar og følgjande kredittkort: Visa, Mastercard.
- Faktura kun ved avtale, og då betaling per 10 dagar

Avbestillingsvilkår for telefon / e-post / direkte kontakt
 
- Total avbestilling kostnadsfritt seinast 4 veker før arrangement
- Total avbestilling 2-4 veker før: Vi fakturerer 1500 kr i administrasjonsgebyr
- Total avbestilling 1-2 veker før: Vi fakturerer 50 % av bestillinga sin totale verdi
- Total avbestilling 1 veke før: Vi fakturerer 100 % av bestillinga sin totale verdi
- Mindre justeringar i tal besøkande kostnadsfritt inntil 24 timar før arrangementet, men ver snille å oppdatere oss fortløpande
- Bestilte, unytta plassar blir kravd betaling for.
- For grupper over 60 personar gjelder eigne vilkår.

Spesielt for nettbasert handel

- Vi aksepterer følgjande kredittkort: Visa, Mastercard.
- Bestillinga er bindande ved bekrefta godkjent transaksjon. Ta vare på utskrifta av bekreftelsen. 
- Ved kundens avbestilling innan 2 veker før arrangementsdato, tilbakebetalar vi 80 % av bestillinga sin totale verdi.
- Ved kundens avbestilling 1-2 veker før arrangementsdato, tilbakebetalar vi 50 % av bestillinga sin totale verdi.
- Vi tilbyr ikkje refusjon av betaling seinare enn 1 veke før arrangementstidspunktet.
- Ved sjukdom/skade som kan bekreftast av lege for påmeldte person, tilbakebetalar vi 90 % av bestillinga sin verdi uansett tidspunkt før arrangementet.
- Ved arrangøren sin kansellering tilbys alternativt arrangement dersom mogleg. Kunden kan velje å trekke seg frå bestillinga og arrangøren tilbakebetalar 100 % av bestillinga sin verdi.
- Ved avbestilling bes bestillingsbekreftelsen sendast pr e-post til Hydlaparken med eventuelle vedlegg. Oppgje bankkontonummer for innbetaling av refusjon.