Booking
Booking

Billettar (dagskort) må bestillast innan kl 24.00 dagen før ditt besøk for å vere garantert klatresele. Billettar kan óg kjøpast i Hydlaparken, med forbehold om ledig kapasitet.
Når du har kjøpt billettar på nettsida må du møte opp innan kl 14.00 den aktuelle dagen for å sikre deg plassen du har bestilt. Viss ikkje kan du risikere å måtte vente for å få klatreselen.

Ved kjøp av billettar aksepterer du våre bookingvilkår.

COVID-19. Vi har iverksatt ulike smittevernstiltak for å overhalde dei krav som er gjeldande. Les meir her.

Alle gjester skal bruke hanskar. Du kan ta med eigne hanskar eller kjøpe hjå oss ved ankomst (pris kr 45).

Du vil få tilsend ei kvittering med referansenummer på e-post. Vis denne koden for å hente ut billettar og klatresele i Hydlaparken. Du treng ikkje å skrive ut billetten.

Gåvekort får du óg kjøpt her på nettsida, men desse kan ikkje nyttast som betalingsmiddel ved kjøp av dagskort og sesongkort på nett. Dersom du ynskjer å reservere plass for eit besøk i Hydlaparken som skal betalast med gåvekort ved oppmøte, send ein epost til post@hydlaparken.no i forkant, så held vi av klatreselar til deg/dokke.