Booking
Billettar (dagskort) må bestillast innan kl 24.00 dagen før ditt besøk for å vere garantert klatresele. Billettar kan óg kjøpast i Hydlaparken, med forbehold om ledig kapasitet.
Når du har kjøpt billettar på nettsida må du møte opp innan kl 14.00 den aktuelle dagen for å sikre deg plassen du har bestilt. Viss ikkje kan du risikere å måtte vente for å få klatreselen.
Ved kjøp av billettar aksepterer du våre bookingvilkår.
COVID-19. Vi har iverksatt ulike smittevernstiltak for å overhalde dei krav som er gjeldande. Les meir her.
Du vil få tilsend ei kvittering med referansenummer på e-post. Vis denne koden for å hente ut billettar og klatresele i Hydlaparken. Du treng ikkje å skrive ut billetten.
Gåvekort får du óg kjøpt her på nettsida, men desse kan ikkje nyttast som betalingsmiddel ved kjøp av dagskort og sesongkort på nett. Dersom du ynskjer å reservere plass for eit besøk i Hydlaparken som skal betalast med gåvekort ved oppmøte, send ein epost til i forkant, så held vi av klatreselar til deg/dokke.